frigarden
Frigarden

Nærområdet

Frigarden ligg unikt til ved Vasetvatnet på Vaset i vakre Valdres. Vasetområdet er svært barne- og familievennleg og byr på eit mangfald av fasilitetar.

På Frigarden handlar det om å nyte livet utandørs. Enten du vil rusle på tur, stå på ski, sykle, padle, fiske eller berre sitje på ei soloppvarma steinhelle med ein kaffekopp. 

Her kan du oppleve naturen i ditt tempo, på din måte. 

Sport og fritid

Om sumaren er Vaset eit eldorado for sykkel- og fotturar. Det finst også mange fiskevatn i nærleiken og gode jaktmoglegheiter. Området har ei rekke turstiar og vegar som innbyr til både korte og lengre vandreturar, samt fleire toppar og turmål. På vinterstid kan Vaset by på om lag 120 km løypenett. Vidare innover i stølslandskapet finn ein toppar som er populære for randonee-turar. Alpinanlegget, Vaset Skiheiser, passar for heile familien med flotte forhold for både slalom- og snowboardentusiastar. Her er det òg moglegheiter for aking med proffkjelkar ned den 1200 m lange akebakken.

På nedsida av Frigarden, ved Vasetvatnet, vil det bli oppført inntil 3 naust og 2 badstover. Det blir også anlagt ein fiskesti, leikeområde, badeplass og bryggeanlegg.

Distanser

Skiløype / Turveg

0 m

Skiheis

Vaset Skiheiser - 3.6 km

Servering

1.7 km

Butikkar

Joker / Intersport- 1.7 km

Rekne ut reisetid

Prøv reisetidkalkulatoren for å sjå kor lang tid det tek å reise hit frå utgangspunktet ditt, med ulike transportmiddel.

Knippesetvegen 190

Meld interesse for prosjektet